Les mer om kiting under Ekstremsportsveko!!
From Bkk
Kom og gjer kiting til ein del av verdas største ekstremsportarrangement!
2007 er tredje året med kiting på Ekstremsportveko, men fyrste året med kite som eigen grein. Dei to foregåande åra har kite vore prøvegrein. I år vert kiting endå meir tydeleg. Me arrangerer ein konkurranse der kiteglede og stil vert belønna i like stor grad som vanskegrad og høgde på triksa. Konkuransen vert avvikla torsdag 28., fredag 29. og lørdag 30. juni. Men det vert kiting heile tida under Veko.
Spoten ligg på Grandane ved Vangsvatnet, kun 10 min å gå fra festivalteltet!
Der er ein fin solgangsbris frå vest. Spoten er trygg og fin, faktisk ein av dei beste på Vestlandet! Ved svak vind kan ein kita i elva som har utløp samme plass og dra nytte av straumen.
Deltakarene i konkuransen vert inndelt i heat der ein får ei viss tid til å sanka poeng.
Summen vil avgjera om ein går vidare til semifinale og finale. Det vil verta eit maksimum antall deltakarar og det er første mann til mølla. Jenteklasse vert også satt opp. Hjelm er påbode i konkurranse.
Me ønsker velkommen til ei veke med stor kiteaktivitet på Voss anten ein vil konkurere eller berre ha det morro på vatnet eller i elva!
Påmelding og spørsmål kan sendast til:
oyvind.birkeland@gmail.com eller himlesolfrid@hotmail.com
Informasjon om kva som skjer vert oppdatert fortløpande på :
